IMG_4175.jpeg

Svanhild Telnes

Eg er utdanna psykolog ved NTNU og er i gang med spesialisering. Tidlegare har eg arbeidd med vaksne, barn og unge, både i spesialisthelsetjenesten og lågterskel i kommunen, og slik fått brei erfaring med mellom anna angst, depresjon, relasjonelle vanskar, sjølvfølelse, traumer, migrasjonshelse, rus og avhengighet, foreldreveiledning og pårørandeerfaringar. Eg brukar ulike terapeutiske metodar etter kva som passar deg og problemstillinga du kjem med. Eg har kursing i EMDR, emosjonsfokusert terapi og narrativ eksponeringsterapi, men òg god erfaring med å bruke kognitive teknikkar. Det som har størst påverknad på liva våre er ofte det som skjer mellom terapitimane, men det å ha nokon å snakke med i krevande periodar kan gjere det lettare å sjå kva du treng for å få det betre. Om du treng hjelp med noko som er utanfor min kompetanse eller ynskjer ei anna tilnærming enn mi, gjer eg mitt beste for å hjelpe deg vidare til rett person.

Eg har ledig kapasitet og du kan booke time på ledigpsykolog.no eller ved å ta kontakt på svanhild@oslopsykologkollektiv.no eller tlf: 92 57 94 26. Eg ser fram til å bli kjent med deg!